• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til bunntekst
logo

Med fokus på godt innhold

  • Nyheter
  • Eavis
  • Min side
  • Bli abonnent
Meny
  • Nyheter
  • Leserbrev
  • Lokalhistorie
  • Mat og drikke
  • Fra fotoarkivet
  • Godt og gammelt
  • Totens Blad Eavis
  • Gjøviks Blad Eavis
  • Besøk vår søsteravis Gjøviks Blad
  • Dødsannonser
Logg inn
  • Bli abonnent
  • Min side
  • Tips oss
  • Redaksjonen
  • Annonsere
  • Kundeservice
LESERBREV
3 minutter lesetid

Bioøkonomi og teknologi hand i hand

(Arkivfoto)
Totens Blad
Publisert: 15 november, 2022 21:11
Oppdatert: 15 november, 2022 21:11
Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for hva skribenten selv mener.
Bidra i debatten: leserbrev@totens-blad.no.

Tysdag 15. november 2022 passerte vi 8 mrd menneske i verda. Alle desse skal ha mat, rein og trygg mat. Da har vi alle eit ansvar i eit klima- og miljøperspektiv for å produsere denne maten så berekraftig som mogleg basert på vårt klima og våre forutsetningar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Årets arrangement av Biotown på Hamar befestar at Innlandet er mat- og teknologifylket. Det viktigaste vi gjer er å produsere mat til eiga befolkning og utvikle og sikre teknologi innan jord- og matproduksjon. Problem og løysingar må finne kvarandre på tvers mellom primærnæring og teknologi, digitalisering, forsking og ikkje minst må det til ei kommersialisering av gode løysingar.

Det er ikkje noko næring som har vore så omstillingsdyktige som landbruket, men nå handlar det om å utvikle teknologien og hjelpemidla for å møte klima- og miljøutfordringar. Biologi, teknologi og økonomi må gå opp i opp.

Landslaget for AgriFoodTech (JordMatTek) som vil samarbeide på tvers av grenser for å ut i verda og gjere norsk mat- og teknologiindustri kjend var på agendaen. Gjennom denne satsinga er målet å løfte fram fleire satsingar på ny teknologi og nye metodar som har potensiale. I denne samanheng, både ved at det blir teke i bruk i norsk landbruksproduksjon, men også som eksportprodukt. På den måten kan vi bygge ein sterkare norsk leverandørindustri. Innlandet har ein naturleg plass i ei slik satsing, og Innlandet fylkeskommune støttar arbeidet.

Verdiane som norsk jordbruk er tufta på med god avl, godt dyrehald, god agronomi og samarbeid vil og må styrke seg i framtida. Skal eit landslag som dette lykkast må heile laget med, frå den minste grønsakdyrkar til den største kornbonden via sau på fjellbeite til store kufjøs i låglandet.

At Innlandet har fått Bionova gjev ein ekstra inspirasjon til å støtte opp om klimaløysingar både i primærnæringa og i industrien som skal vidareforedle og serve landbruket.

I ei verd som er stadig meir pressa og som viser seg stadig meir sårbar når kriser dukkar opp, må vi finne gode løysingar i fellesskap. Konkurrere der vi må, men samarbeide der vi kan. Skal vi få eit godt landslag må rekrutteringa frå lokalt og regionalt optimaliserast og gjerast i stand til å utvikle det viktigaste av alt – produsere mat til deg og meg på ein klima- og miljøvenleg måte basert på våre ressursar.

Aud Hove (Sp) fylkesvaraordførar i Innlandet, Per Gunnar Sveen (Ap) leiar for hovudutval for næring i Innlandet

Sentralbord
61 16 87 50
Besøksadresse
Hauggata 6, 2850 Lena
Postadresse
Postboks 4, 2851 Lena
Redaksjonen
post@totens-blad.no
Annonseavdelingen
annonse@totens-blad.no

Ansvarlig redaktør
Jon Olav Andersen
Daglig leder
Morten Linnerud
Markedssjef
Hans Erik Linnerud

Se alle ansatte

Totens Blad arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.
Det er ikke tillatt å kopiere innholdet på dette nettstedet uten avtale med Totens Blad.

Kundeservice
Problemer med levering // Tips oss // Annonsere
Kundesenter // Kontakt oss // Ansatte

Personvernerklæring // Informasjonskapsler // Abonnementsbetingelser

Totens Blad © 2025 · Løsningen er designet og utviklet av Dyplink - dyplink.no